Kjensla er merkeleg og heilt annleis enn eg forventa. Det kilar konstant i føtene som heng i lause lufta. Vinden blafrar i den grøne kappa og gjer så eg mest ikkje kan halde auga opne. Her oppe er det lite å flyge inn i, så det gjer ingenting at eg ikkje kan sjå, men det er ubehageleg.
Etter eit par minutt begynner det å kjennast greit, og eg kan styre kosten dit eg vil. Å flyge er vel ingen svær kunst? Det er enkelt og kjennest herleg på ein heilt ny måte. Eg sirklar litt rundt dei andre som har begynt å spele eit ballspel med fire forskjellige ballar. Det ser morosamt ut, men eg vil ha ei større utfordring. Litt bortover og temmelig langt oppover ser eg ein grå skyklump. Eg har alltid undra meg på korleis det må kjennast å vere inne i ein sky. No skal eg finne det ut.
Eg endrar kursen og set opp farta. Dei andre ropar bak meg. Høgst av alle er stemma til mor. Ho høyrest redd ut. Kvifor er dei redde? Eg berre ler. Eg er fri no. Eg kan flyge kvar eg vil.
Noko svært nærmar seg. Noko flaksande med fjør og vengar. Han flyg fort, fortare enn meg. Bang! Eg sit ikkje lengre trygt på sopelimen BambusAir380, men svever, fell. Eg er ikkje redd, men ler. Det er lenge til eg vil treffe bakken. Eg er ennå fri. Eg fell ennå. Eit fritt fall.
"Kvifor, Draco? Kvifor?" Mor sine auge er fylte til randa med tårer. Eg ser bort. Vil ikkje svare. Ho vil ikkje forstå. Ingen av dei vil forstå. Eg veit dei andre vil la meg kome i nærleiken av eit kosteskaft igjen, men eg veit også at eg aldri vil gløyme det; Kjensla av å vere sjef over eigne handlingar. Kjensla i det eg falt. Kjensla av fridom.
