Kapittel 5.

AN: STOPP med brenninga! om du brenner so er du ein grønskolling og ein spradebasar! Dn einaste grunen till at Humblesurr banna er fådi han hadde hovupinne ok å i tillleg til dt kvar han sint på dej fådi dei hadde sexxx! PS eg vilik oppdatere førr eg får fem gode meldningar!

Humlesnurr fekk og Draco og eg fylgde han. Han heldt fram med å kjefte sinna på oss.

«Blassfesmiske toskar!» kjefta han.

Eg tok til å grine blodtårer nedover det bleike fjeset mitt. Draco stødde meg. Då me drog attende til borga tok Humlesnurr oss med til professor Slur og professor McSnurp som båe såg veldig sinna ut.

«Dei hadde seksuell omgang i den forbodne skogen!» bjeffa han med ei forbanna stemme.

«Kvifor gjorde de noko slik, de middelmåtelege analfabetar?» spurde professor McSnurp.

«Korleis vågar du?» kravde Slur.

Og då ynka Draco. «FORDI EG ELSKAR HO!»-

Alle vart stille. Humlesnurr og professor McSnurp såg enno sinte ut, men professor Slur sa. «Greitt. Greitt. De kan gå opp på romma dykkar.»

Draco og eg gjekk opp medan lærarane glana på oss.

«Går det bra, Iben?» spurde Draco meg varsamt.

«Jau eg trur det.» laug eg. Eg gjekk til jenterommet og pussa tennene mine og greidde håret mitt og tok på meg ein utringa golvlang svart kjole med raude blonder på og svarte høge hælar. Og då eg gjekk ut…

Då stod Draco framfor badet, han tok til å synge «I just wanna live» av Good Charlotte. Eg vart so smeikt, sjølv om han eigentleg ikkje skulle ha vore der. Me kosa og kyssa kvarandre. Etter det sa me god natt og han gjekk uviljug att til rommet sitt.

Kapittel 6.

AN: hld keft grønskollingr ok! PS eg vilkje oppdatere førr di gjev meg gooodee mldningar!

Den neste dagen vakna eg i kista mi. Eg sette på meg eit svart miniskjørt som var opprive langs kanten og ein høveleg topp dekt med raude hovudskallar og høghæla støvlar som var svarte. Eg sette på meg to par hovudskalleøyreringar, og to kross i øyra. Eg spraya håret mitt lilla.

I Storhallen åt eg Count Chocula frukostblanding med blod i staden for mjølk, og eit glas med raudt blod. Plutseleg dulta nokon borti meg. Alt blodet vart slege ut over toppen min.

«Kødd!» skreik eg sint. Eg angra at eg sa det då eg såg opp fordi eg såg rett inn i eit bleikt kvitt andlet, ein gothargut med stritt svart hår med raude striper i. Han hadde på seg augeliner og eg gjekk nedover andletet hans og han hadde på seg svart leppestift. Han hadde ikkje briller lenger og han hadde no på seg raude kontaktlinser akkurat som Draco sine og han hadde ikkje noko arr i panna lenger. Han hadde mannlege stubbar på kjaken. Han hadde ein forførande engelsk aksent. Han såg akkurat ut som Joel Madden. Han var so forførande at kroppen min vart skikkeleg varm då eg såg han lik ein ereksjon berre at eg ikkje fekk ein din sjuking.

«Orsak,» sa han med ei blyg stemme.

«Det går greitt. Kva heiter du?» fråga eg.

«Mitt namn er Harry Potter, men folk flest kallar meg Vampyren no om dagen.» mumla han.

«Kvifor?» uttrykte eg.

«Fordi eg elskar smaken av menneskjeblod.» humra han.

«Vel, eg er ein vampyr.» innrømde eg.

«Verkeleg?» gapa han.

«Jau.» bjeffa eg.

Me sette oss ned for å snakke litt. So kom Draco bort og sa han hadde ei overrasking åt meg so eg gjekk med han.